onsdag, september 03, 2008

Neste, haltande skritt

Eg tar neste, litt haltande skritt..: I går var eg på sykveld i Blåabygget. Det er eit stygt, blått hus her i Sagvåg, som husar helse- og sosialtenester. Der treffes me annankvar onsdag, og ei og anna helg for å sy, eller drive med noko anna handarbeid. Me er seks damer som møtes, og me har det utrulig trivelig saman. Det er sjeldan me kjem heim utan at det kjennest i lattermusklane!
Dette er forresten veka for treff i sysamanheng. På mandag var det møte i Stord Quiltelag. Eg har hatt lite tid til å gå på møta det siste halve året, så det var veldig kjekt å sjå att dei damene eg treff der! Det er ein ganske stor gjeng med quiltedamer som møtes ein gong i månaden i Hønsahuset. Me er så heldige å har fått tildelt Vestlandstreffet 2009, så forberedingane til det er i full gong. Kurs vert planlagt, og kurshaldarar kontakta. Lokaler er tinga, så her er dei godt i gong. Me er til og med godt i gong med noko av "tilbehøret" til kursa.Men, det er hemmeligt endå..
Det er tidlig på dag endå, og eg er heime frå jobb med magesjau! Pyton når det står på, men det går jo heldigvis over ganske snart. Får bruke dagen i dag til å slappe av, så er eg vel på beina att i morgon!!

fredag, august 29, 2008

Føste skritt




No tar eg mine første forsiktige skritt inn i bloggens verden.. Dette har eg aldri gjort før og har vært veldig usikker på om det er noko for meg, sidan arbeidsdagen min blir tilbrakt med fingrene på på tastaturet.
Eg har mange hobbyar, som eg får alt for liten tid til, men noko av det vil eg dele med andre her. Quilting, papirhobby (hovedsaklig kortlaging), strikking og litt bunadssaum er noko av det eg gjerne vil bruke tida mi til. No held eg og på med skule, så tida er knapp til det eg har lyst til! Fleire bilder kjem etter kvart...