lørdag, januar 17, 2009

Snart ferdig!


No er det siste innspurt i eksamenslesinga. Eg har vore gjennom alle eksamensoppgavene eg har funne på nettet, og trur dette skal gå bra. Kjenner det godt i skuldrer og nakke etter kvart, og er glad eg snart er ferdig! Huset ser ut som ein svinesti, og eg har ein million ting er har lyst til å gjere på hobbyfronten.

Var ein tur innom på Happyhobby i formiddag for kjøpe ark til noko eg skal lage til søster mi. Det havna sjølvsagt litt meir enn arka oppi posen, så det vart nokon fine små dropar i lilla og grønt...

Gler meg til eg kan lage noko av dei.

søndag, januar 11, 2009

Ver

I dag er det et forrykande ver! Det regna og bles, men det er eit flott ver å vera inn å lesa te eksamen i... Men, samme kor dårli veret er slite eg med motivasjonen! Det er ikkje lett å ta seg sammen for å lese noko ein ikkje har så lyst til.

No kunne eg tenkt meg å få flytta resten av sakene opp på det nye hobbyrommet, og laga litt kort og kost meg med det. Eg har og to sengetepper som skal quiltast.

Sjølvsagt kan eg prøve å bruke det til motivasjon, at når eg er ferdig kan eg kose meg med det eg har mest lyst til.. Og, få det ryddigt i huset, alltid ha alle klea reine og på plass i skapet... Ser ut til at det kan bli travelt etter eksamen og! He, he :)

fredag, januar 09, 2009

Forresten..


Eg har faktisk vor litt flink siste tida. I tilleg til å lese til eksamen har eg faktisk laga meg nytt hobby-rom. Litt merkelig, men det heitte sy-rom før. Det er ikkje heilt ferdig endå, men eg kan iallefall sitte her inne å lese. For å gjere meg heilt ferdig trenge eg nokre sterke armar, og dei er i nordsjøen nett no.

Og, så vil eg presentere hobbyveninna mi Pus. Ho er hakk i hel på meg heile tida, så ho har vore til stor underhaldning når me skulle rydde ut av- og demontere skapa som var her inn før. Mykje spennande for ein katt inni sånne overfylte rote-skap!

Godt nytt år!

No er me allereie over ei veke inn i det nye året. Eg har sjølvsagt som forsett at eg skal bli mykje flinkare til å bruke bloggen min. Men, det er så altfor mange ting eg har lyst til å bruke tida mi til. I dag er minste jenta sjuk, så då fekk eg litt tid til overs og kunne lage eit lite innlegg her.

Egentlig er det berre tull at eg ikkje har tid! Det er det å bruke tida rett eg må lære meg. No skal eg snart ha eksamen, og då kan eg ikkje gjere noko for eg bør egenlig lese. Det resulterer egentlig i at eg ofte ikkje får gjort noko i heile tatt.

19. januar skal eg ha eksamen, så då reknar eg med å få MYKJE betre tid etterpå. Då skal eg sy, lage kort og begynne å scrappe. Huset skal alltid vere ryddig, og alle klea reine og på plass i skapet................ Hm, me får sjå..