fredag, januar 09, 2009

Godt nytt år!

No er me allereie over ei veke inn i det nye året. Eg har sjølvsagt som forsett at eg skal bli mykje flinkare til å bruke bloggen min. Men, det er så altfor mange ting eg har lyst til å bruke tida mi til. I dag er minste jenta sjuk, så då fekk eg litt tid til overs og kunne lage eit lite innlegg her.

Egentlig er det berre tull at eg ikkje har tid! Det er det å bruke tida rett eg må lære meg. No skal eg snart ha eksamen, og då kan eg ikkje gjere noko for eg bør egenlig lese. Det resulterer egentlig i at eg ofte ikkje får gjort noko i heile tatt.

19. januar skal eg ha eksamen, så då reknar eg med å få MYKJE betre tid etterpå. Då skal eg sy, lage kort og begynne å scrappe. Huset skal alltid vere ryddig, og alle klea reine og på plass i skapet................ Hm, me får sjå..

1 kommentar:

Elisabeth Augusta sa...

Tror jeg får holde et øye med deg etter eksamen så du ikke tar helt av ;-) Skal bli kjekt å se alt du kommer til å finne på i 2009.